BNNHB1033 Natur, helse og bevegelse 1

Generell informasjon

Emnenavn på engelsk: 
Nature, Health and Movement 1
Emnenavn på nynorsk: 
Natur, helse og rørsle 1
Studiepoeng: 
20
Studienivå: 
Bachelorgradsstudium
Undervisningsspråk: 
Norsk
Studieprogram: 
Barnehagelærerutdanning med vekt på natur- og friluftsliv
Varighet: 
2 semester
Undervisningssemester
2021 høst
2022 vår
Eksamenssemester
2021 høst
2022 vår
Emneansvarlig
Trond Løge Hagen

Emneinnhold

Kunnskapsområdet omfattar natur, friluftsliv, berekraft, rørsle, mat og helse i vid forstand. Undring og førstehandserfaringar med ulike naturfenomen og mangfaldet i naturen vil vere sentralt, samt barn si livsmeistring og danning.

Barn er sanselege og kroppslege i sin veremåte, og dette dannar utgangspunkt for utforsking, undring, samtale, utvikling, leik og læring. Sosiale relasjonar mellom barn, og mellom barn og vaksne i barnehagen, heng mellom anna saman med leik, utforsking og rørslemessige erfaringar.

Ein viktig del av profesjonskompetansen er å forstå barns utvikling og å kunne bruke dette til å inspirere og motivere barn. Emnet skal gjøre studenten i stand til å legge til rette for allsidige naturopplevingar og rørsleleik i ulike miljø. Kunnskapsområdet skal vektlegge verdien av å lære om og ferdes i naturen til alle årstider for at studenten skal bli trygg i naturen, bli medvetne rollemodellar og sjå og meistre dei moglegheitene som ligg i pedagogisk arbeid utandørs. Utdanninga vil ivareta korleis ein kan få til gode møter mellom ulike kulturar. Studenten skal ha kunnskap om barns eksperimentering, undring og leik i ulike miljø. Studenten skal kunne ta vare på seg sjølv, på kvarandre og naturen, slik at han/ho får eit godt utgangspunkt for å vere bidragsytar til berekraftig utvikling. Ein viktig del av profesjonskompetansen er å kunne observere, analysere og forstå barns utvikling og barns kroppslege leikekulturar, og bruke dette til å inspirere og motivere barn.

Undervisninga skal vere forskingsbasert og profesjonsretta der praksis inngår som ein integrert del. Arbeidet med læringsutbytte vil skje gjennom undervisning i både inne- og utemiljø, gjennom teoretiske og praktiske tilnærmingar. Studentaktive læringsformer og naturen som læringsarena vil bli vektlagt.

Emnet BNNHB1033 er første del i det forsterka kunnskapsområde på BLUNF. Studenten skal oppleve at tematikken i kunnskapsområdet er forsterka ved å gå i djupna på tema over to studieår, der nokre tema er forskjellig mellom år, medan andre tema er gjennomgåande. Tema i BNNHB1033 er natur, berekraftig utvikling, friluftsliv, barns rørsle, utvikling, leik og læring i naturen.

Kunnskapsbasen i BNNHB1033 bygger på lærarutdanningsfaga naturfag, fysisk fostring og kunst & håndverk.

 

Forventet læringsutbytte

Studenten skal ha følgende læringsutbytte etter gjennomført emne:

Kunnskap

Studenten:

  • har grunnleggjande kunnskap om barns utvikling, leik og læring, og om ulike didaktiske tilnærmingar i ulike fysiske miljø og årstider, for barn i ulik alder
  • har kunnskap om korleis barn opplever verda og seg sjølv gjennom kroppsleg aktivitet og ulike sansar
  • har grunnleggjande kunnskap om verdien av friluftsliv og naturopplevingar for barn
  • har kunnskap om uterommet sine moglegheiter for kunst og handverksfagleg aktivitet
  • har grunnleggjande kunnskap om biologisk mangfald, organismar i barn sitt nærmiljø og samanhengane i naturen
  • har grunnleggjande kunnskap om berekraftig utviking og korleis barnehagen kan bidra til auka miljømedvit
  • har grunnleggjande kunnskap om menneskekroppen, motorikk og sansar
  • har grunnleggjande kunnskap om nasjonale føringar for helsefremjande og førebyggande tiltak og rutinar for tryggleik i barnehagen

Ferdigheiter

Studenten:

  • har grunnleggjande ferdigheiter med korleis ein kan leggje til rette for barn si utforsking og eksperimentering i og med naturen, berekraftig utvikling og fysiske fenomen, samt undre seg og reflektere over desse tema saman med barn
  • kan skape og leggje til rette for fysisk aktivitet og rørsleleik i ulike fysiske miljø
  • har grunnleggjanande ferdigheiter med å vurdere risiko 
  • har byrjande ferdigheiter i observasjon som verkty for didaktisk tilrettelegging for barns leike- og læringsmiljø

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan sjå og bruke mogelegheiter for naturfagleg utforsking, skapande aktivitet, leik og rørsle i nærmiljøet
  • er medverkande og inspirerande saman med barn i deira rørsleleik, naturopplevingar og utforsking
  • kan ta omsyn til berekraftig utvikling på ulike måtar i barnehagekvardagen
  • kan drøfte etiske problemstillingar knytt til kunnskapsområdet
  • kan reflektere over og ta omsyn til ulike kulturelle perspektiv, i arbeidet med natur, helse og rørsle

Obligatoriske arbeidskrav

Kode, navn og ev. beskrivelse av arbeidskravArbeidskravets form (hva vurderes)Gruppering
N1-FH1: OrienteringsoppgåvePraktisk arbeidIndividuell
N1-FH2: Vinteraktivitetsveke (obligatorisk deltaking)Skriftlig oppgaveIndividuell
N1-NA1: Naturbok del 1Rapport/refleksjonsskrivIndividuell
N1-NA2: Naturbok del 2 (P)Rapport/refleksjonsskrivIndividuell
OBLTS: Obligatorisk tilstedeværelseOppfylt krav om tilstedeværelse i undervisningIndividuell
Obligatoriske arbeidskrav:
Arbeidskravets form (hva vurderes):Praktisk arbeid
Kode, navn og ev. beskrivelse av arbeidskrav:N1-FH1: Orienteringsoppgåve
Gruppering:Individuell
Arbeidskravets form (hva vurderes):Skriftlig oppgave
Kode, navn og ev. beskrivelse av arbeidskrav:N1-FH2: Vinteraktivitetsveke (obligatorisk deltaking)
Gruppering:Individuell
Arbeidskravets form (hva vurderes):Rapport/refleksjonsskriv
Kode, navn og ev. beskrivelse av arbeidskrav:N1-NA1: Naturbok del 1
Gruppering:Individuell
Arbeidskravets form (hva vurderes):Rapport/refleksjonsskriv
Kode, navn og ev. beskrivelse av arbeidskrav:N1-NA2: Naturbok del 2 (P)
Gruppering:Individuell
Arbeidskravets form (hva vurderes):Oppfylt krav om tilstedeværelse i undervisning
Kode, navn og ev. beskrivelse av arbeidskrav:OBLTS: Obligatorisk tilstedeværelse
Gruppering:Individuell

Eksamen

VurderingsformKodeGrupperingTid/omfangEnhetVektingSensorordningHjelpemidlerMerknader
Skriftlig skoleeksamenSEKIndividuell3timer40 %Intern Ingen
HjemmeeksamenHEMIndividuell54timer60 %Intern AlleOmfang ca 3800 ord
Vurderinger:
Vurderingsform:Skriftlig skoleeksamen
Gruppering:Individuell
Tid/omfang:3
Enhet:timer
Vekting:40 %
Merknader:
Hjelpemidler: Ingen
Kode:SEK
Sensorordning:Intern
Vurderingsform:Hjemmeeksamen
Gruppering:Individuell
Tid/omfang:54
Enhet:timer
Vekting:60 %
Merknader:Omfang ca 3800 ord
Hjelpemidler: Alle
Kode:HEM
Sensorordning:Intern
Karakterskala: 
A-F
Informasjon om eksamen/vurdering i emnet

Hjemmeeksamen starter kl. 09:00 første dag, og leveres innen kl. 15:00 tredje dag.

(P) betyr at arbeidskravet bygger på oppgaver gjennomført i praksisstudiet.

Arbeidskrav som må vere bestått for å gå opp til eksamen:

  • SEK: ingen
  • HEM: N1-FH1, N1-FH2, N1-NA1 og N1-NA2 og OBLTS

Arbeidskrav er ekvivalent med tidlegare arbeidskrav på BNNHB1030: 

  • N1-FH1 ekvivalent til N1-FH1 (BNNHB1030)
  • N1-FH2 ekvivalent til N1-FH2 (BNNHB1030)
  • Ingen ekvivalente til N1-NA1 og N1-NA2

Øvrig informasjon

Studenten må pårekne utlegg på ca. 400 kr for kollektivtransport til undervisningssteder i nærområdet (t.d. buss til Frøset i Bymarka). Studenten må ha eller låne utstyr til aktiviteter ute til alle årstider, inkludert skiutstyr på vinteraktivitetsveke.

 

Pensum