BHNHB1033 Natur, helse og bevegelse
- Nynorsk navnNatur, helse og rørsle
- Engelsk navnNature, Health and Movement
- Studiepoeng23
- Undervisningssemester2024 høst, 2025 vår
- StudienivåSyklus 1: Bachelorgradsstudium
- StudieprogramBarnehagelærerutdanning
- Varighet2 semester
- Eksamenssemester2024 høst, 2025 vår
- EmneansvarligAnne Holla Sivertsen
- UndervisningsspråkNorsk
Godkjent av
Godkjent dato
Emneinnhold
Emnet omfattar natur, berekraft, mat, rørsle og helse i vid forstand. Undring og førstehandserfaringar med ulike naturfenomen og mangfaldet i naturen vil vere sentralt, samt barn si livsmeistring og danning.
Barn er sanselege og kroppslege i sin veremåte, og dette dannar utgangspunkt for utforsking, undring, samtale, utvikling, leik og læring. Sosiale relasjonar mellom barn, og mellom barn og vaksne i barnehagen, heng mellom anna saman med leik, utforsking og rørslemessige erfaringar.
Ein viktig del av profesjonskompetansen er å forstå barns utvikling og å kunne bruke dette til å inspirere og motivere barn. Emnet skal gjere studenten i stand til å leggje til rette for allsidige naturopplevingar og rørsleleik for barn i ulike miljø. Emnet skal leggje vekt på verdien av å lære om og ferdast i naturen til alle årstider, for at studenten skal bli trygg i naturen, bli ein medveten rollemodell og sjå og meistre dei mogelegheitene som ligg i pedagogisk arbeid utandørs. Emnet vil ivareta korleis ein kan få til gode møter mellom ulike kulturar. Studenten skal kjenne til folkehelseutfordringar og kunne bidra til at barns helse blir godt ivaretatt. Vidare omfattar emnet korleis barn gjennom eksperimentering, undring og leik i ulike miljø kan ta vare på seg sjølv, kvarandre og naturen, slik at dei får eit godt utgangspunkt for å vere bidragsytarar til berekraftig utvikling. Ein viktig del av profesjonskompetansen omfattar å kunne observere, analysere og forstå barns utvikling og kroppslege leikekulturar hos barn, og å bruke dette til å inspirere og motivere barn.
Undervisinga skal vere forskingsbasert og profesjonsretta der praksis inngår som ein integrert del. Arbeidet med læringsutbytta vil skje gjennom undervisning i både inne- og utemiljø, gjennom teoretiske og praktiske tilnærmingar. Studentaktive læringsformer og naturen som læringsarena vil bli vektlagt.
Kunnskapsbasen bygger på lærarutdanningsfaga naturfag og fysisk fostring.
Læringsutbytte
Studenten skal ha følgende læringsutbytte etter gjennomført emne:
Kunnskap
Studenten:
- har kunnskap om barns utvikling, leik og læring, og om forskjellige didaktiske tilnærmingar i ulike fysiske miljø og årstider, tilpassa barns alder
- har kunnskap om korleis barn opplever verda og seg sjølv gjennom kroppsleg aktivitet og sansar
- har kunnskap om verdien av friluftsliv og naturopplevingar for barn
- har kunnskap om fysiske fenomen, teknologi, biologisk mangfald, organismar i barn sitt nærmiljø og samanhengane i naturen
- har kunnskap om berekraftig utvikling og korleis barnehagen kan bidra til auka miljømedvit
- har kunnskap om menneskekroppen, motorikk, sansar, helse og livsmeistring
- har kunnskap om mat, kosthald og måltid som pedagogisk ressurs
- har kunnskap om nasjonale føringar for helsefremjande og førebyggande tiltak og rutinar for tryggleik i barnehagen
Ferdigheiter
Studenten:
- kan leggje til rette for barn si utforsking og eksperimentering i og med naturen, berekraftig utvikling og fysiske fenomen samt undre seg og reflektere over desse temaa saman med barn
- kan utforske og bruke kvardagsteknologi saman med barn
- kan leggje til rette for god hygiene, kvile og varierte måltid i barnehagen i samsvar med nasjonale føringar
- kan skape og leggje til rette for fysisk aktivitet og rørsleleik for barn i ulike fysiske miljø
- kan vurdere risiko og samstundes leggje til rette for barns risikovurdering og meistring i barnehagekvardagen
- har byrjande ferdigheiter i observasjon som verkty for didaktisk tilrettelegging for barn sine leike- og læringsmiljø
Generell kompetanse
Studenten:
- kan sjå og bruke bruke nærmiljøet sine mogelegheiter for naturfagleg utforsking, leik og rørsle
- er medverkande og inspirerande saman med barn i deira rørsleleik, naturopplevingar og utforsking
- kan ta omsyn til berekraftig utvikling på ulike måtar i barnehagekvardagen
- kan drøfte etiske problemstillingar knytt til emnet
- kan reflektere over og ta omsyn til ulike kulturelle perspektiv i arbeidet med natur, helse, og rørsle
Pensum
Arbeids- og læringsaktiviteter
Sjå avsnittet "Arbeids-, lærings-og vurderingsformer" i studieplanens generelle del.
Obligatoriske arbeidskrav
Kode, navn og ev. beskrivelse av arbeidskrav | Arbeidskravets form (hva vurderes) | Individuell/gruppe |
---|---|---|
N1-FH1: Vinterkurs | Praktisk arbeid og skriftlig innlevering | Individuell |
N1-TF1: Helseprosjekt | Framføring/presentasjon | Gruppe |
N1-NA3: Herbarium | Rapport/refleksjonsskriv | Individuell |
N1-NA4: Mekanisk leke | Framføring/presentasjon | Individuell |
OBLTS: Obligatorisk tilstedeværelse | Oppfylt krav om tilstedeværelse i undervisning | Individuell |
N1-NA5: Utforskende naturfag | Framføring/presentasjon | Individuell |
Vurderinger
Vurderingsform | Kode | Gruppering | Tid/omfang | Enhet | Vekting | Sensorordning | Hjelpemidler | Merknader |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Skriftlig skoleeksamen | SEK1 | Individuell | 3 | timer | 40 % | Intern | Ingen | Tverrfaglig eksamen. |
Muntlig eksamen | MUN | Individuell | 30 | minutter | 60 % | Intern | Notater fra forberedelser. | To sensorer hvor en er fra fysak og en fra natmil. |
Karakterskala
Informasjon om eksamen/vurdering i emnet
Arbeidskrav som må vere godkjent for å få adgang til eksamen/vurdering:
- SEK1: ingen
- MUN: N1-NA3, N1-NA4,N1-NA5, N1-FH1, N1-TF1 og OBLTS
Arbeidskrav er ekvivalent med tidlegare arbeidskrav:
- N1-FH1 ekvivalent til N-TF1 (BHNHB2030)
- N1-TF1 ekvivalent til N-TF2 (BHNHB2030)
- N1-NA3 er ekvivalente med N1-NA1 (BHNHB1033)
- N1-NA4 og N1-NA5 er ekvivalent med N1-NA2 (BHNHB1033)
Eksamen er ekvivalent med tidlegare eksamen:
MUN er ekvivalent med HEM1 og HEM2.
Øvrig informasjon
Studenten må ha eller låne utstyr til aktiviteter ute til alle årstider, inkludert skiutstyr på vinterkurs.