BHNHB1033 Natur, helse og bevegelse

Generell informasjon

Emnenavn på engelsk: 
Nature, Health and Movement
Emnenavn på nynorsk: 
Natur, helse og rørsle
Studiepoeng: 
23
Studienivå: 
Bachelorgradsstudium
Undervisningsspråk: 
Norsk
Studieprogram: 
Barnehagelærerutdanning
Varighet: 
2 semester
Undervisningssemester
2020 høst
2021 vår
Eksamenssemester
2020 høst
2021 vår
Emneansvarlig
Børge Moe

Emneinnhold

Kunnskapsområdet omfattar natur, berekraft, mat, rørsle og helse i vid forstand. Undring og førstehandserfaringar med ulike naturfenomen og mangfaldet i naturen vil vere sentralt, samt barn si livsmeistring og danning.

Barn er sanselege og kroppslege i sin veremåte, og dette dannar utgangspunkt for utforsking, undring, samtale, utvikling, leik og læring. Sosiale relasjonar mellom barn, og mellom barn og vaksne i barnehagen, heng mellom anna saman med leik, utforsking og rørslemessige erfaringar.

Ein viktig del av profesjonskompetansen er å forstå barns utvikling og å kunne bruke dette til å inspirere og motivere barn. Kunnskapsområdet skal gjere studenten i stand til å leggje til rette for allsidige naturopplevingar og rørsleleik for barn i ulike miljø. Kunnskapsområdet skal leggje vekt på verdien av å lære om og ferdast i naturen til alle årstider, for at studenten skal bli trygg i naturen, bli ein medveten rollemodell og sjå og meistre dei mogelegheitene som ligg i pedagogisk arbeid utandørs. Utdanninga vil ivareta korleis ein kan få til gode møter mellom ulike kulturar. Studenten skal kjenne til folkehelseutfordringar og kunne bidra til at barns helse blir godt ivaretatt. Vidare omfattar kunnskapsområdet korleis barn gjennom eksperimentering, undring og leik i ulike miljø kan ta vare på seg sjølv, kvarandre og naturen, slik at dei får eit godt utgangspunkt for å vere bidragsytarar til berekraftig utvikling. Ein viktig del av profesjonskompetansen omfattar å kunne observere, analysere og forstå barns utvikling og kroppslege leikekulturar hos barn, og å bruke dette til å inspirere og motivere barn.

Undervisinga skal vere forskingsbasert og profesjonsretta der praksis inngår som ein integrert del. Arbeidet med læringsutbytta vil skje gjennom undervisning i både inne- og utemiljø, gjennom teoretiske og praktiske tilnærmingar. Studentaktive læringsformer og naturen som læringsarena vil bli vektlagt.

Kunnskapsbasen bygger på lærarutdanningsfaga naturfag og fysisk fostring.

Forventet læringsutbytte

Studenten skal ha følgende læringsutbytte etter gjennomført emne:

Kunnskap

Studenten:

  • har kunnskap om barns utvikling, leik og læring, og om ulike didaktiske tilnærmingar i ulike fysiske miljø og årstider, for barn i ulik alder
  • har kunnskap om korleis barn opplever verda og seg sjølv gjennom kroppsleg aktivitet og sansar
  • har kunnskap om verdien av friluftsliv og naturopplevingar for barn
  • har kunnskap om fysiske fenomen, teknologi, biologisk mangfald, organismar i barn sitt nærmiljø og samanhengane i naturen
  • har kunnskap om berekraftig utvikling og korleis barnehagen kan bidra til auka miljømedvit
  • har kunnskap om menneskekroppen, motorikk, sansar, helse og livsmeistring
  • har kunnskap om mat, kosthald og måltid som pedagogisk ressurs
  • har kunnskap om nasjonale føringar for helsefremjande og førebyggande tiltak og rutinar for tryggleik i barnehagen

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan leggje til rette for barn si utforsking og eksperimentering i og med naturen, berekraftig utvikling og fysiske fenomen samt undre seg og reflektere over desse temaa saman med barn
  • kan utforske og bruke kvardagsteknologi saman med barn
  • kan leggje til rette for god hygiene, kvile og varierte måltid i barnehagen i samsvar med nasjonale føringar
  • kan skape og leggje til rette for fysisk aktivitet og rørsleleik for barn i ulike fysiske miljø
  • kan vurdere risiko og samstundes leggje til rette for barns risikovurdering og meistring i barnehagekvardagen
  • har byrjande ferdigheiter i observasjon som verkty for didaktisk tilrettelegging for barn sine leike- og læringsmiljø

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan sjå og bruke bruke nærmiljøet sine mogelegheiter for naturfagleg utforsking, leik og rørsle
  • er medverkande og inspirerande saman med barn i deira rørsleleik, naturopplevingar og utforsking
  • kan ta omsyn til berekraftig utvikling på ulike måtar i barnehagekvardagen
  • kan drøfte etiske problemstillingar knytt til kunnskapsområdet
  • kan reflektere over og ta omsyn til ulike kulturelle perspektiv i arbeidet med natur, helse, og rørsle

Arbeids- og læringsaktiviteter

Sjå avsnittet "Arbeids-, lærings-og vurderingsformer" i studieplanens generelle del.

Obligatoriske arbeidskrav

Kode, navn og ev. beskrivelse av arbeidskravArbeidskravets form (hva vurderes)Gruppering
N-FH1: Vinterkurs (obligatorisk deltaking)Skriftlig oppgaveIndividuell
N-TF1: HelseprosjektFramføring/presentasjonGruppe
N-NA1: Naturbok del 1 (vidareutviklast til eitt bidrag i mappeeksamen MAP)Rapport/refleksjonsskrivIndividuell
N-NA2: Naturbok del 2 (vidareutviklast til mappebidrag i mappeeksamen MAP) (P)Rapport/refleksjonsskrivIndividuell
OBLTS: Obligatorisk tilstedeværelseOppfylt krav om tilstedeværelse i undervisningIndividuell
Obligatoriske arbeidskrav:
Arbeidskravets form (hva vurderes):Skriftlig oppgave
Kode, navn og ev. beskrivelse av arbeidskrav:N-FH1: Vinterkurs (obligatorisk deltaking)
Gruppering:Individuell
Arbeidskravets form (hva vurderes):Framføring/presentasjon
Kode, navn og ev. beskrivelse av arbeidskrav:N-TF1: Helseprosjekt
Gruppering:Gruppe
Arbeidskravets form (hva vurderes):Rapport/refleksjonsskriv
Kode, navn og ev. beskrivelse av arbeidskrav:N-NA1: Naturbok del 1 (vidareutviklast til eitt bidrag i mappeeksamen MAP)
Gruppering:Individuell
Arbeidskravets form (hva vurderes):Rapport/refleksjonsskriv
Kode, navn og ev. beskrivelse av arbeidskrav:N-NA2: Naturbok del 2 (vidareutviklast til mappebidrag i mappeeksamen MAP) (P)
Gruppering:Individuell
Arbeidskravets form (hva vurderes):Oppfylt krav om tilstedeværelse i undervisning
Kode, navn og ev. beskrivelse av arbeidskrav:OBLTS: Obligatorisk tilstedeværelse
Gruppering:Individuell

Eksamen

VurderingsformKodeGrupperingTid/omfangEnhetVektingSensorordningHjelpemidlerMerknader
Skriftlig skoleeksamenSEKIndividuell3timer30 %Intern Ingen
MappeeksamenMAPIndividuell3500ord40 %Intern AlleMappeeksamen tar utgangspunkt i arbeidskrav N-NA1 og N-NA2.
Omfang ca 3500 ord + bilde(r) og dokumentasjon av arbeidet.
HjemmeeksamenHEMIndividuell30timer30 %Intern AlleOmfang ca 2500 ord.
Vurderinger:
Vurderingsform:Skriftlig skoleeksamen
Gruppering:Individuell
Tid/omfang:3
Enhet:timer
Vekting:30 %
Merknader:
Hjelpemidler: Ingen
Kode:SEK
Sensorordning:Intern
Vurderingsform:Mappeeksamen
Gruppering:Individuell
Tid/omfang:3500
Enhet:ord
Vekting:40 %
Merknader:Mappeeksamen tar utgangspunkt i arbeidskrav N-NA1 og N-NA2.
Omfang ca 3500 ord + bilde(r) og dokumentasjon av arbeidet.
Hjelpemidler: Alle
Kode:MAP
Sensorordning:Intern
Vurderingsform:Hjemmeeksamen
Gruppering:Individuell
Tid/omfang:30
Enhet:timer
Vekting:30 %
Merknader:Omfang ca 2500 ord.
Hjelpemidler: Alle
Kode:HEM
Sensorordning:Intern
Karakterskala: 
A-F
Informasjon om eksamen/vurdering i emnet

Hjemmeeksamen starter kl. 09:00 første dag, og leveres innen kl. 15:00 andre dag.

(P) betyr at arbeidskravet bygger på oppgaver gjennomført i praksisstudiet.
Arbeidskrav som må vere godkjent for å få adgang til eksamen/vurdering: 

  • SEK: ingen
  • MAP: N-NA1 og N-NA2
  • HEM: N-FH1, N-TF1 og OBLTS

Arbeidskrav er ekvivalent med tidlegare arbeidskrav i BHNHB2030: 

  • N-FH1 ekvivalent til N-TF1 (BHNHB2030)
  • N-TF1 ekvivalent til N-TF2 (BHNHB2030)
  • Ingen ekvivalente til N-NA1 og N-NA2

Øvrig informasjon

Studenten må pårekne utlegg på ca 400 kr i samband med kollektivtransport i nærområdet og inngangspengar til undervisningsstader i nærområdet (t.d. besøk til planetarium, Vitenskapsmuseet, buss til Frøset i Bymarka). Studenten må ha eller låne utstyr til aktiviteter ute til alle årstider, inkludert skiutstyr på vinterkurs.

 

Pensum