BKNHB1033 Natur, helse og bevegelse
- Nynorsk navnNatur, helse og rørsle
- Engelsk navnNature, Health and Movement
- Studiepoeng20
- Undervisningssemester2024 høst, 2025 vår
- StudienivåSyklus 1: Bachelorgradsstudium
- StudieprogramBarnehagelærerutdanning med vekt på musikk, drama, kunst og håndverk
- Varighet2 semester
- Eksamenssemester2024 høst, 2025 vår
- EmneansvarligAnna Maria Billing
- UndervisningsspråkNorsk
Godkjent av
Godkjent dato
Emneinnhold
Emnet omfattar natur, berekraft, mat, rørsle og helse i vid forstand. Undring og førstehandserfaringar med ulike naturfenomen og mangfaldet i naturen vil vere sentralt, samt barn si livsmeistring og danning.
Barn er sanselege og kroppslege i sin veremåte, og dette dannar utgangspunkt for utforsking, undring, samtale, utvikling, leik og læring. Sosiale relasjonar mellom barn, og mellom barn og vaksne i barnehagen, heng mellom anna saman med leik, utforsking og rørslemessige erfaringar.
Ein viktig del av profesjonskompetansen er å forstå barns utvikling og å kunne bruke dette til å inspirere og motivere barn. Emnet skal gjere studenten i stand til å legge til rette for allsidige naturopplevingar, rørsleleik og kunst-og handverksskapande aktivitet for barn i ulike miljø. Emnet skal vektlegge verdien av å lære om og ferdes i naturen til alle årstider for at studenten skal bli trygg i naturen, bli medvetne rollemodellar og sjå og meistre dei moglegheitene som ligg i pedagogisk arbeid utandørs. Emnet vil ivareta korleis ein kan få til gode møter mellom ulike kulturar.
Studenten skal kjenne til folkehelseutfordringar og kunne bidra til at barns helse blir godt ivaretatt. Vidare omfattar emnet korleis barn gjennom eksperimentering, undring og leik i ulike miljø kan ta vare på seg sjølve, kvarandre og naturen, slik at dei får eit godt utgangspunkt for å vere bidragsytarar til berekraftig utvikling. Ein viktig del av profesjonskompetansen omfattar å kunne observere, analysere og forstå barns utvikling og kroppslege leikekulturar hos barn, og å bruke dette til å inspirere og motivere barn.
Undervisninga skal vere forskingsbasert og profesjonsretta der praksis inngår som ein integrert del. Arbeidet med læringsutbytta vil skje gjennom undervisning i både inne- og utemiljø, gjennom teoretiske og praktiske tilnærmingar. Studentaktive læringsformer og naturen som læringsarena vil bli vektlagt.
Kunnskapsbasen bygger på lærarutdanningsfaga naturfag, fysisk fostring og kunst & handverk.
Læringsutbytte
Studenten skal ha følgende læringsutbytte etter gjennomført emne.
Kunnskap
Studenten:
- har kunnskap om barns utvikling, leik og læring, og om forskjellige didaktiske tilnærmingar i ulike fysiske miljø og årstider, tilpassa barns alder
- har kunnskap om korleis barn opplever verda og seg sjølv gjennom kroppsleg aktivitet og sansar
- har kunnskap om verdien av friluftsliv og naturopplevingar for barn
- har kunnskap om utemiljøet sine moglegheiter for kunst- og håndverksfaglig aktivitet
- har kunnskap om fysiske fenomen, teknologi, biologisk mangfald, organismar i barn sitt nærmiljø og samanhengane i naturen
- har kunnskap om berekraftig utvikling og korleis barnehagen kan bidra til auka miljømedvit
- har kunnskap om menneskekroppen, motorikk, sansar, helse og livsmestring
- har kunnskap om mat, kosthald og måltid som pedagogisk ressurs
- har kunnskap om nasjonale føringar for helsefremjande og førebyggande tiltak og rutinar for tryggleik i barnehagen
Ferdigheiter
Studenten:
- kan leggje til rette for barn si utforsking og eksperimentering i og med naturen, berekraftig utvikling og fysiske fenomen, samt undre seg og reflektere over desse tema saman med barn, til ulike årstider
- kan utforske og bruke kvardagsteknologi saman med barn
- kan leggje til rette for god hygiene, kvile og varierte måltid i barnehagen
- kan skape og tilrettelegge for barns fysisk aktivitet og rørsleleik i ulike fysiske miljø
- kan vurdere risiko og samstundes leggje til rette for barns risikovurdering og meistring i barnehagekvardagen
- har byrjande ferdigheiter i observasjon som verkty for didaktisk tilrettelegging for barns leike- og læringsmiljø
Generell kompetanse
Studenten:
- kan sjå og bruke nærmiljøet sine mogelegheiter for naturfagleg utforsking, skapande aktivitet, leik og rørsle
- er medverkande og inspirerande saman med barn i deira rørsleleik, naturopplevingar og utforskning
- kan ta hensyn til berekraftig utvikling på ulike måtar i barnehagekvardagen
- kan drøfte etiske problemstillingar knytt til emnet
- kan reflektere over og ta omsyn til ulike kulturelle perspektiv, mellom anna samiske, i arbeidet med natur, helse, og rørsle
Pensum
Obligatoriske arbeidskrav
Kode, navn og ev. beskrivelse av arbeidskrav | Arbeidskravets form (hva vurderes) | Individuell/gruppe |
---|---|---|
N1-FH1: Vinterkurs | Praktisk arbeid og skriftlig innlevering | Individuell |
N1-TF1: Helseprosjekt | Framføring/presentasjon | Gruppe |
N1-NA1: Barn sin utforsking av natur og naturfenomen (P) | Framføring/presentasjon | Individuell |
N1-KH1: Kunst & handverksfagleg arbeid med naturmaterialer | Framføring/presentasjon | Gruppe |
OBLTS: Obligatorisk tilstedeværelse | Oppfylt krav om tilstedeværelse i undervisning | Individuell |
Vurderinger
Vurderingsform | Kode | Gruppering | Tid/omfang | Enhet | Vekting | Sensorordning | Hjelpemidler | Merknader |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Skriftlig skoleeksamen | SEK | Individuell | 3 | timer | 40 % | Intern | Ingen | |
Hjemmeeksamen | HEM | Individuell | 51 | timer | 60 % | Intern | Alle | 2900 ord |
Karakterskala
Informasjon om eksamen/vurdering i emnet
Arbeidskrav som må være bestått for å få gå opp til eksamen:
SEK: ingen
HEM: N1-FH1, N1-TF1, N1-NA1 og N1-KH1, OBLTS
(P) betyr at arbeidskravet bygger på oppgaver gjennomført i praksisstudiet.
Arbeidskrav er ekvivalente med tidlegare arbeidskrav på BKNHB1030:
N1-FH1 ekvivalent med N-FH1
N1-NA1 ekvivalent med N-NA1
N1-KH1 ekvivalent med N-KH1
Øvrig informasjon
Studenten må ha utstyr til aktiviteter ute til alle årstider, inkludert skiutstyr på vinterkurs.