BNNHB1033 Natur, helse og bevegelse 1
- Nynorsk navnNatur, helse og rørsle 1
- Engelsk navnNature, Health and Movement 1
- Studiepoeng20
- Undervisningssemester2024 høst, 2025 vår
- StudienivåSyklus 1: Bachelorgradsstudium
- StudieprogramBarnehagelærerutdanning med vekt på natur- og friluftsliv
- Varighet2 semester
- Eksamenssemester2024 høst, 2025 vår
- EmneansvarligAnne Holla Sivertsen
- UndervisningsspråkNorsk
Emneinnhold
Kunnskapsområdet omfattar natur, friluftsliv, berekraft, rørsle, mat og helse i vid forstand. Undring og førstehandserfaringar med ulike naturfenomen og mangfaldet i naturen vil vere sentralt, samt barn si livsmeistring og danning.
Barn er sanselege og kroppslege i sin veremåte, og dette dannar utgangspunkt for utforsking, undring, samtale, utvikling, leik og læring. Sosiale relasjonar mellom barn, og mellom barn og vaksne i barnehagen, heng mellom anna saman med leik, utforsking og rørslemessige erfaringar.
Ein viktig del av profesjonskompetansen er å forstå barns utvikling og å kunne bruke dette til å inspirere og motivere barn. Emnet skal gjøre studenten i stand til å legge til rette for allsidige naturopplevingar og rørsleleik i ulike miljø. Kunnskapsområdet skal vektlegge verdien av å lære om og ferdes i naturen til alle årstider for at studenten skal bli trygg i naturen, bli medvetne rollemodellar og sjå og meistre dei moglegheitene som ligg i pedagogisk arbeid utandørs. Utdanninga vil ivareta korleis ein kan få til gode møter mellom ulike kulturar. Studenten skal ha kunnskap om barns eksperimentering, undring og leik i ulike miljø. Studenten skal kunne ta vare på seg sjølv, på kvarandre og naturen, slik at han/ho får eit godt utgangspunkt for å vere bidragsytar til berekraftig utvikling. Ein viktig del av profesjonskompetansen er å kunne observere, analysere og forstå barns utvikling og barns kroppslege leikekulturar, og bruke dette til å inspirere og motivere barn.
Undervisninga skal vere forskingsbasert og profesjonsretta der praksis inngår som ein integrert del. Arbeidet med læringsutbytte vil skje gjennom undervisning i både inne- og utemiljø, gjennom teoretiske og praktiske tilnærmingar. Studentaktive læringsformer og naturen som læringsarena vil bli vektlagt.
Emnet BNNHB1033 er første del i det forsterka kunnskapsområde på BLUNF. Studenten skal oppleve at tematikken i kunnskapsområdet er forsterka ved å gå i djupna på tema over to studieår, der nokre tema er forskjellig mellom år, medan andre tema er gjennomgåande. Tema i BNNHB1033 er natur, berekraftig utvikling, friluftsliv, barns rørsle, utvikling, leik og læring i naturen.
Kunnskapsbasen i BNNHB1033 bygger på lærarutdanningsfaga naturfag, fysisk fostring og kunst & håndverk.
Læringsutbytte
Studenten skal ha følgende læringsutbytte etter gjennomført emne:
Kunnskap
Studenten:
- har grunnleggjande kunnskap om barns utvikling, leik og læring, og om ulike didaktiske tilnærmingar i ulike fysiske miljø og årstider, for barn i ulik alder
- har kunnskap om korleis barn opplever verda og seg sjølv gjennom kroppsleg aktivitet og ulike sansar
- har grunnleggjande kunnskap om verdien av friluftsliv og naturopplevingar for barn
- har kunnskap om uterommet sine moglegheiter for kunst og handverksfagleg aktivitet
- har grunnleggjande kunnskap om biologisk mangfald, organismar i barn sitt nærmiljø og samanhengane i naturen
- har grunnleggjande kunnskap om berekraftig utviking og korleis barnehagen kan bidra til auka miljømedvit
- har grunnleggjande kunnskap om menneskekroppen, motorikk og sansar
- har grunnleggjande kunnskap om nasjonale føringar for helsefremjande og førebyggande tiltak og rutinar for tryggleik i barnehagen
Ferdigheiter
Studenten:
- har grunnleggjande ferdigheiter med korleis ein kan leggje til rette for barn si utforsking og eksperimentering i og med naturen, berekraftig utvikling og fysiske fenomen, samt undre seg og reflektere over desse tema saman med barn
- kan skape og leggje til rette for fysisk aktivitet og rørsleleik i ulike fysiske miljø
- har grunnleggjanande ferdigheiter med å vurdere risiko
- har byrjande ferdigheiter i observasjon som verkty for didaktisk tilrettelegging for barns leike- og læringsmiljø
Generell kompetanse
Studenten:
- kan sjå og bruke mogelegheiter for naturfagleg utforsking, skapande aktivitet, leik og rørsle i nærmiljøet
- er medverkande og inspirerande saman med barn i deira rørsleleik, naturopplevingar og utforsking
- kan ta omsyn til berekraftig utvikling på ulike måtar i barnehagekvardagen
- kan drøfte etiske problemstillingar knytt til kunnskapsområdet
- kan reflektere over og ta omsyn til ulike kulturelle perspektiv, i arbeidet med natur, helse og rørsle
Pensum
Obligatoriske arbeidskrav
Kode, navn og ev. beskrivelse av arbeidskrav | Arbeidskravets form (hva vurderes) | Individuell/gruppe |
---|---|---|
N1-FH1: Orienteringsoppgåve | Praktisk arbeid | Individuell |
N1-FH2: Vinteraktivitetsveke | Skriftlig oppgave | Individuell |
N1-NA1: Naturbok del 1 | Rapport/refleksjonsskriv | Individuell |
N1-NA2: Naturbok del 2 (P) | Rapport/refleksjonsskriv | Individuell |
OBLTS: Obligatorisk tilstedeværelse | Oppfylt krav om tilstedeværelse i undervisning | Individuell |
Vurderinger
Vurderingsform | Kode | Gruppering | Tid/omfang | Enhet | Vekting | Sensorordning | Hjelpemidler | Merknader |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Skriftlig skoleeksamen | SEK | Individuell | 3 | timer | 40 % | Intern | Ingen | |
Hjemmeeksamen | HEM | Individuell | 51 | timer | 60 % | Intern | Alle | Omfang 2700 ord |
Karakterskala
Informasjon om eksamen/vurdering i emnet
Hjemmeeksamen starter kl. 09:00 første dag, og leveres innen kl. 12:00 tredje dag.
(P) betyr at arbeidskravet bygger på oppgaver gjennomført i praksisstudiet.
Arbeidskrav som må vere bestått for å gå opp til eksamen:
- SEK: ingen
- HEM: N1-FH1, N1-FH2, N1-NA1 og N1-NA2 og OBLTS
Arbeidskrav er ekvivalent med tidlegare arbeidskrav på BNNHB1030:
- N1-FH1 ekvivalent til N1-FH1 (BNNHB1030)
- N1-FH2 ekvivalent til N1-FH2 (BNNHB1030)
- Ingen ekvivalente til N1-NA1 og N1-NA2
Øvrig informasjon
Studenten må ha eller låne utstyr til aktiviteter ute til alle årstider, inkludert skiutstyr på vinteraktivitetsveke.