BNNHB2033 Natur, helse og bevegelse 2
- Studiepoeng20
- Undervisningssemester2022 høst, 2023 vår
- StudienivåSyklus 1: Bachelorgradsstudium
- StudieprogramBarnehagelærerutdanning med vekt på natur- og friluftsliv
- Varighet2 semester
- Eksamenssemester2023 vår
- EmneansvarligCamilla Kalvatn Egset
- UndervisningsspråkNorsk
Godkjent av
Emneinnhold
Kunnskapsområdet Natur, helse og bevegelse omfattar natur, friluftsliv bærekraft, rørsle, mat og helse i vid forstand. Undring og førstehandserfaringar med ulike naturfenomen og mangfaldet i naturen vil vere sentralt, samt barn si livsmeistring og danning.
Barn er sanselege og kroppslege i sin veremåte, og dette dannar utgangspunkt for utforsking, undring, samtale, utvikling, leik og læring. Sosiale relasjonar mellom barn, og mellom barn og vaksne i barnehagen, heng mellom anna saman med leik, utforsking og rørslemessige erfaringar.
Ein viktig del av profesjonskompetansen er å forstå barns utvikling og å kunne bruke dette til å inspirere og motivere barn. Emnet skal gjere studenten i stand til å legge til rette for allsidige naturopplevingar og rørsleleik i ulike miljø. Kunnskapsområdet skal vektlegge verdien av å lære om og ferdast i naturen til alle årstider for at studenten skal bli trygg i naturen, bli medvetne rollemodellar og sjå og meistre dei moglegheitene som ligg i pedagogisk arbeid utandørs. Utdanninga vil ivareta korleis ein kan få til gode møte mellom ulike kulturar. Studenten skal ha kunnskap om barns eksperimentering, undring og leik i ulike miljø. Studenten skal kunne ta vare på seg sjølv, på kvarandre og naturen, slik at han/ho får eit godt utgangspunkt for å vere bidragsytar til berekraftig utvikling. Ein viktig del av profesjonskompetansen er å kunne observere, analysere og forstå barns utvikling og barns kroppslege leikekulturar, og bruke dette til å inspirere og motivere barn.
Undervisninga skal vere forskingsbasert og profesjonsretta der praksis inngår som ein integrert del. Arbeidet med læringsutbytta vil skje gjennom undervisning i både inne- og utemiljø, gjennom teoretiske og praktiske tilnærmingar. Studentaktive læringsformer og naturen som læringsarena vil bli vektlagt.
Emnet BNNHB2033 er andre del i det forsterka kunnskapsområdet Natur, helse og bevegelse på BLUNF. Studenten skal oppleve at tematikken i kunnskapsområdet er forsterka ved å gå i djupna på tema over to studieår, der nokre tema er forskjellig mellom år, medan andre tema er gjennomgåande. Tema med spesielt fokus i BNNHB 2033 er natur og friluftsliv i barnehagen, utforsking av naturfenomen og teknologi samt helse, mat og livsmeistring.
Kunnskapsbasen i BNNHB2033 bygger på lærarutdanningsfaga naturfag og fysisk fostring.
Læringsutbytte
Studenten skal ha følgende læringsutbytte etter gjennomført emne:
KUNNSKAP
Studenten
- har utvida kunnskap om verdien av friluftsliv og naturopplevingar på borna sin premisser
- har kunnskap om fysiske fenomen og teknologi i barn sitt nærmiljø
- har utvida kunnskap om berekraftig utviking og korleis barnehagen kan bidra til auka miljømedvit
- har kunnskap om helse, rutiner for sikkerheit og livsmeistring i barnehagen
- har kunnskap om mat, kosthald og måltid som pedagogisk ressurs
- har utvida kunnskap om nasjonale føringar for helsefremjande og førebyggande tiltak
FERDIGHEITER
Studenten
- har videreutvikla sine ferdigheiter i friluftsliv til alle årstider og har eit reflektert syn på korleis desse kan overførast til arbeid i barnehagen
- kan utforske, eksperimentere og reflektere om fysiske fenomen og teknologi saman med barn og ser dette i sammenheng med berekraftig utvikling
- kan skape og tilretteleggje ulike fysiske miljø med naturmaterialer for rørsleleik og utforsking
- kan leggje til rette for god hygiene, fysisk aktivitet, kvile og varierte måltid i samsvar med nasjonale føringar
- kan arbeide praktisk med og vurdere ulike fysiske miljø for barns opplevingar, leik, og læring
GENERELL KOMPETANSE
Studenten
- kan reflektere over korleis barnehagelæraren kan tilretteleggje for godt didaktisk arbeid i ulike fysiske miljø i barnehagen, og vurdere utøving av eigen rolle, erfaringar og haldningar i lys av dette
- er medverkande og inspirerande saman med barn i deira rørsleleik, utforsking, naturopplevingar, friluftsliv, og måltid
- kan ta omsyn til berekraftig utvikling på ulike måtar i barnehagekvardagen
- kan drøfte etiske problemstillingar knytt til ulike tema i kunnskapsområdet
- kan reflektere over og ta omsyn til ulike kulturelle perspektiv, i arbeidet med mat, natur, helse og rørsle
Pensum
Obligatoriske arbeidskrav
Kode, navn og ev. beskrivelse av arbeidskrav | Arbeidskravets form (hva vurderes) | Gruppering |
---|---|---|
N2-TF1: Pedagogisk arbeid i barnehagen med fokus på utemiljø og pedagogrollen | Framføring/presentasjon | Gruppe |
N2-TF2: Turer | Framføring/presentasjon | Gruppe |
N2-TF3: Kunnskapstest på itslearning | Skriftlig prøve | Individuell |
N2-TF4: Helseprosjekt | Framføring/presentasjon | Gruppe |
N2-FH1: Friluftsliv og uteliv i barnehagen (videreutvikles til MAP) | Skriftlig oppgave | Individuell |
N2-NA1: Naturbok (videreutvikles til MAP) | Rapport/refleksjonsskriv | Individuell |
OBLTS: Obligatorisk tilstedeværelse | Oppfylt krav om tilstedeværelse i undervisning | Individuell |
Vurderinger
Vurderingsform | Kode | Gruppering | Tid/omfang | Enhet | Vekting | Sensorordning | Hjelpemidler | Merknader |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | MAP | Individuell | 5000 | ord | 100 % | Intern | Alle | Mappeeksamen tar utgangspunkt i arbeidskrav N2-FH1 og N2-NA1. Omfang ca. 5000 ord + bilder og dokumentasjon av arbeid. |
Karakterskala
Informasjon om eksamen/vurdering i emnet
Arbeidskrav som må vere bestått for å gå opp til eksamen:
- MAP: N2-TF1, N2-TF2, N2-TF3, N2-TF4, N2-FH1, N2-NA1 og OBLTS
Arbeidskrav er ekvivalent med tidlegare arbeidskrav på BNNHB1030:
- N2-TF2 ekvivalent til N2-TF4 og N2-FH4 (BNNHB2030)
- N2-TF4 ekvivalent til N2-TF1 (BNNHB2030)
- N2-FH1 ekvivalent til N2-TF2 (BNNHB2030)
- Ingen ekvivalente N2-TF1, N2-TF3 og N2-NA1
Øvrig informasjon
Studenten må ha eller låne utstyr til aktiviteter ute til alle årstider, inkludert utstyr til eigenorganisert tur på høst- og vintertur med overnatting.