BNNHB2033 Natur, helse og bevegelse 2
- Nynorsk navnNatur, helse og rørsle 2
- Engelsk navnNature, Health and Movement 2
- Studiepoeng20
- Undervisningssemester2024 høst, 2025 vår
- StudienivåSyklus 1: Bachelorgradsstudium
- StudieprogramBarnehagelærerutdanning med vekt på natur- og friluftsliv
- Varighet2 semester
- Eksamenssemester2024 høst, 2025 vår
- EmneansvarligCamilla Kalvatn Egset
- UndervisningsspråkNorsk
Emneinnhold
Kunnskapsområdet Natur, helse og bevegelse omfattar natur, friluftsliv bærekraft, rørsle, mat og helse i vid forstand. Undring og førstehandserfaringar med ulike naturfenomen og mangfaldet i naturen vil vere sentralt, samt barn si livsmeistring og danning.
Barn er sanselege og kroppslege i sin veremåte, og dette dannar utgangspunkt for utforsking, undring, samtale, utvikling, leik og læring. Sosiale relasjonar mellom barn, og mellom barn og vaksne i barnehagen, heng mellom anna saman med leik, utforsking og rørslemessige erfaringar.
Ein viktig del av profesjonskompetansen er å kunne observere, analysere og forstå utviklinga og kroppslege leikekulturar hos barn, og å bruke dette til å inspirere og motivere barn. Barnehagelæraren må vere trygg i naturen og sjå og meistre dei moglegheitene som ligg i pedagogisk arbeid utandørs. Emnet skal gjere studenten i stand til å legge til rette for allsidige naturopplevingar og rørsleleik i ulike miljø. Kunnskapsområdet skal vektlegge verdien av å lære om og ferdast i naturen til alle årstider for at studenten skal bli trygg i naturen, bli medvetne rollemodellar og sjå og meistre dei moglegheitene som ligg i pedagogisk arbeid utandørs. Studenten skal ha kunnskap om barns eksperimentering, undring og leik i ulike miljø. Studenten skal kunne ta vare på seg sjølv, på kvarandre og naturen, slik at han/ho får eit godt utgangspunkt for å vere bidragsytar til berekraftig utvikling. Ein viktig del av profesjonskompetansen er å kunne observere, analysere og forstå barns utvikling og barns kroppslege leikekulturar, og bruke dette til å inspirere og motivere barn. Norske tradisjonar innan natursyn, matkultur og fysisk aktivitet kan virke framande på mange. Difor må utdanninga leggje vekt på korleis ein kanfå til gode møter mellom ulike kulturar. Samisk kultur er ein del av den nasjonale kulturen og skal vere synleg i utdanninga.
Undervisninga skal vere forskingsbasert og profesjonsretta der praksis inngår som ein integrert del. Arbeidet med læringsutbytta vil skje gjennom undervisning i både inne- og utemiljø, gjennom teoretiske og praktiske tilnærmingar. Studentaktive læringsformer og naturen som læringsarena vil bli vektlagt.
Emnet BNNHB2033 er andre del i det forsterka kunnskapsområdet Natur, helse og bevegelse på BLUNF. Studenten skal oppleve at tematikken i kunnskapsområdet er forsterka ved å gå i djupna på tema over to studieår, der nokre tema er forskjellig mellom år, medan andre tema er gjennomgåande. Tema med spesielt fokus i BNNHB 2033 er natur og friluftsliv i barnehagen, utforsking av naturfenomen og teknologi samt helse, mat og livsmeistring.
Kunnskapsbasen i BNNHB2033 bygger på lærarutdanningsfaga naturfag og fysisk fostring.
Læringsutbytte
Studenten skal ha følgende læringsutbytte etter gjennomført emne:
KUNNSKAP
Studenten
- har utvida kunnskap om verdien av friluftsliv og naturopplevingar på borna sin premisser
- har kunnskap om fysiske fenomen og teknologi i barn sitt nærmiljø
- har utvida kunnskap om berekraftig utviking og korleis barnehagen kan bidra til auka miljømedvit
- har kunnskap om helse, rutiner for sikkerheit og livsmeistring i barnehagen
- har kunnskap om mat, kosthald og måltid som pedagogisk ressurs
- har utvida kunnskap om nasjonale føringar for helsefremjande og førebyggande tiltak
FERDIGHEITER
Studenten
- har videreutvikla sine ferdigheiter i friluftsliv til alle årstider og har eit reflektert syn på korleis desse kan overførast til arbeid i barnehagen
- kan utforske, eksperimentere og reflektere om fysiske fenomen og teknologi saman med barn og ser dette i sammenheng med berekraftig utvikling
- kan skape og tilretteleggje ulike fysiske miljø med naturmaterialer for rørsleleik og utforsking
- kan leggje til rette for god hygiene, fysisk aktivitet, kvile og varierte måltid i samsvar med nasjonale føringar
- kan arbeide praktisk med og vurdere ulike fysiske miljø for barns opplevingar, leik, og læring
GENERELL KOMPETANSE
Studenten
- kan reflektere over korleis barnehagelæraren kan tilretteleggje for godt didaktisk arbeid i ulike fysiske miljø i barnehagen, og vurdere utøving av eigen rolle, erfaringar og haldningar i lys av dette
- er medverkande og inspirerande saman med barn i deira rørsleleik, utforsking, naturopplevingar, friluftsliv, og måltid
- kan ta omsyn til berekraftig utvikling på ulike måtar i barnehagekvardagen
- kan drøfte etiske problemstillingar knytt til ulike tema i kunnskapsområdet
- kan reflektere over og ta omsyn til ulike kulturelle perspektiv, mellom anna samiske, i arbeidet med mat, natur, helse og rørsle
Pensum
Arbeids- og læringsaktiviteter
Det vil være teoretiske og praktiske tilnærminger til kunnskapsområdet. Vi har forelesninger og seminar, uteundervisning, prosjektuke på Frøset Gård, egenorganisert overnattingstur i gruppe, organisert vintertur med overnatting, tur til planetariet på Vitensenteret bl.a.
Obligatoriske arbeidskrav
Kode, navn og ev. beskrivelse av arbeidskrav | Arbeidskravets form (hva vurderes) | Individuell/gruppe |
---|---|---|
N2-TF5: Egenorganisert gruppetur | Framføring/presentasjon | Gruppe |
N2-TF4: Helseprosjekt | Framføring/presentasjon | Gruppe |
N2-TF8: Friluftsliv i barnehagen (videreutvikles til MAP1) | Skriftlig oppgave | Individuell |
N2-FH2: Vintertur | Deltakelse på aktivitet/ekskursjon | Individuell |
N2-TF7: Naturbok (videreutvikles til MAP2) | Rapport/refleksjonsskriv | Individuell |
OBLTS: Obligatorisk tilstedeværelse | Oppfylt krav om tilstedeværelse i undervisning | Individuell |
Vurderinger
Vurderingsform | Kode | Gruppering | Tid/omfang | Enhet | Vekting | Sensorordning | Hjelpemidler | Merknader |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | MAP 1 | Individuell | 2500 | ord | 50 % | Intern | Alle | Mappeeksamen tar utgangspunkt i arbeidskrav N2-TF8 (Friluftsliv i barnehagen) Omfang ca. 2500 ord + bilder og dokumentasjon av arbeid. |
Mappeeksamen | MAP 2 | Individuell | 2500 | ord | 50 % | Intern | Alle | Mappeeksamen tar utgangspunkt i arbeidskrav N2-TF7 (Naturbok). Omfang ca. 2500 ord + bilder og dokumentasjon av arbeid. |
Karakterskala
Informasjon om eksamen/vurdering i emnet
Arbeidskrav som må vere bestått for å gå opp til eksamen:
- MAP1: N2-TF5 og N2-TF8
- MAP 2: N2-TF4, N2-FH2, N2-TF7 og OBLTS
Arbeidskrav er ekvivalent med tidlegare arbeidskrav på BNNHB2033:
- N2-TF8 er ekvivalent med N2-TF6
Øvrig informasjon
Studenten må ha eller låne utstyr til aktiviteter ute til alle årstider, inkludert utstyr til eigenorganisert tur på høst- og vintertur med overnatting.